Herlig AS

 

I slutten av 2013 starta Gunn Kristin Øen Uthus eit samarbeid med Gunvald Åsegård i Gunvalds Kjøkken. Gunvalds småmat blir no produsert og selt av selskapet Herlig AS.

Spesialiteten er Småmat basert på gamal tradisjon, lokale råvarer og solid fagkunnskap. Denne kan du få kjøpt frosen i daglegvarebutikkar i Hallingdal og nokre andre stader på austlandet. Dersom du ynskjer fersk småmat til festen eller selskapet, så ta kontakt direkte.

Herlig AS består også av eit heimebakeri på Geilo, drivi av Gunn Kristin. Her får du lefsekling, rummebrød, rummegraut, julekaker, baguettar, brød, kaker, mm. Gunn Kristin er opptatt av å halde tradisjonar i hevd, og behalde den gode heimelaga smaken. Rummegrauten er basert på ei 100 år gamal oppskrift frå Prestholtseter på Geilo. Denne oppskrifta har vore i familien Uthus i alle år.

Herlig AS sørger også for middagar, lunsj eller måltid til møter, minnestunder eller samlingar. Maten kan bli frakta til deg eller du kan henta han sjølv.

Herlig AS
Ustedalen 28, 3580 Geilo

Gunn Kristin, mobil: 408 80 054
gk@herlig-tradisjoner.no

www.facebook.com/herligAS