Småmat

Småmat var og er festmat i Hallingdal. Eldre som vi har brukt som kjelde, meiner at småmaten fyrst kom hit etter at Øvre Hallingdal hadde teke retten i bruk.
I Hol vart den frå rettig gamalt av brukt som rettig mat (hovudrett) fyrste gjestebodsdagen. Etter kvart er småmaten blitt nytta i større grad andre stader i dalen også.
For at småmaten kan reknast som fin, må alt vere skore i små betar som passar til ertene. Dessutan må krafta vere klar. Ein må passe på å ikkje bruke poteter som er mjølne.
Ein må ikkje forveksle småmaten med suppe som forrett, - han har alltid blitt brukt som hovudrett.
Til småmaten var det vanleg å servere lefsekling. Etter at vedomnen blei teke i bruk i Hallingdal, blei det også populært å ha skiver av finbrød ved sida. Øl blei brukt som drikke. Som dessert var det frå gamalt av dylle. I seinare tid er det riskrem med raud saus som ofte har vore ettermat. Under krigen brukte dei byggkrem.

Kjelde: Ål Bondekvinnelag 1989

SMÅMAT I

Passe for 20 personar

Innhald:
I,5 kg oksekjøt
ein halv sauebog, ca 1 kg
1 skive spekeskinke, ca 750 gr
250-300 gr salta flesk
ca 4 kg kraftbein
1 skinkeknoke
1 fenaknoke
Gulrøter

Blandingsforhold:
2-3 l kraft
ca 1 l karva kjøt og litt flesk
1,5 l karva potet
5-6 dl kokte erter
Gulrøter etter smak, noko mindre enn potet
Ein må berekne ca 0,5 liter pr. person.

Litt kål
2-3 skiver kålrot
Litt lauk
Kok dette med krafta for smaken sin skuld.

Salt
Allehånde eller pepar
600 g. gule erter som er lagt i bløyt kvelden før
Potet

Framgangsmåte:
Kok kjøtet og flesket saman med grønsakene, ikkje potet og erter. Potetane bør ikkje vere av den mjølne typen. Skum godt når det kokar opp og la det stå og småkoke. Ta opp gulrøtene når dei er passe kokt. Kraftbeina, skinke og fenaknoken kokast saman og ertene for seg. Ta kjøtet opp av krafta og set det kaldt til det er godt avkjøla, gjerne over natta. Sil krafta og avkjøl. Den skal vere klar.
Karv kjøt, flesk og gulrøter i små, fine betar. Skrell potetene, karv dei i små bitar og kok dei forsiktig i lettsalta vatn. Er dei for mykje kokt, blir ikkje småmaten fin. Slå vekk potetvatnet. Kok krafta opp, bland i kjøt, erter, gulrøter og poteter. Smak til med krydder.
Alt skal vere skore i så fine terningar at det passar til ertene. Skalkar tek ein vekk dersom småmaten skal vere fin.
Nokon brukar bankekjøt. Det må saltast eit par dagar før koking.
Småmat egnar seg godt til frysing, men då utan potet i. Tin helst i vassbad.

Kjelde: Ål Bondekvinnelag 1989

SMÅMAT II
Dette er ei god, gammaldags oppskrift ifrå Gol.

Innhald:
4,8 kg spekeskine
1,3 kg fenalår
6 kg oksekjøt (fersk)
3 kg kjøt- og fleskebein
1,5 kg gule erter + vatn
3 kg gulrøter + vatn
1 selleri + vatn
1 purre + vatn
2 bøtter faste poteter
salt pepar

Spekekjøtet må vatnast ut slik at det ikkje blir for salt. Kok kvart kjøtslag for seg til dei så vidt blir møyre. Skjær opp i små terningar. Bruk ikkje potetvatnet og ertevatnet.
Sjå elles framgangmåte ovanfor.
Purre og selleri blei ikkje brukt frå rettig gamalt av, men det set ein veldig god smak på småmaten. Det skal karvast fint opp.

Kjelde: Birgit Eikre Torsteinslåtta, Gol

SMÅMAT III
Oppskrift frå Hemsedal

Innhald:
2 kg mørna kjøt og bein (høgrygg eller høgrygg og sau) + 2 ss salt
0,8 kg knoke av gris og fenalår
2 purre
1 kg gule erter
3 kg potet, Kers Pink
0,4 kg gulrøter
0,3 kg kålrot

Framgangsmåte:
Salt det mørna kjøtet i to døgn. Vatn ut knokane natta over. Legg ertene i bløyt natta over. La flesket og kjøtet trekkje, rens det og la det stå til neste dag. Skjær det opp i terningar om lag så store som ei kokt ert. Skjær gulrøtene i terningar og kok dei, sil så bort vatnet. Skjær potetene i terningar, kok dei og sil bort vatnet.
La purre. Kålrot og selleri som er smått oppskore trekkje i den kokande kjøtkrafta. Smak til med salt og buljong. Terningar av kjøt, ertene og nykokte terningar med potet og gulrøter has i. Bland i det mengdeforholdet som ein ynskjer. La det koke oppatt etter at alt er blanda. Dryss over litt persille før servering.
Bruken av persille har kome til i seinare tid.

Kjelde: Margit Halbjørhus Wøllo, Hemsedal Bondekvinnelag

Bygget med WideCMS Express fra BeWide Technologies     Publisert med WideCMS 4