Måltid i gamledagar

Biskeøykt:Arbeidsdagen på ein gard tok til tidleg, særlig sumarstida. Klokka halv fem om morgonen, før dei skulle ut og slå, fekk slåttekarane kaffi og "eplekaku" (potetkaker) med smør og ost. Det var viktig å vera tidleg ute, medan det enno var dogg i graset. Ljåen beit best då. Etter at slåmaskina kom og dei ikkje var så avhengige av dogga, vart det vanleg med berre eitt måltid om morgonen.

Biskemat:
Klokka sju var dei inn at og "eta te bisk". Då var det primmat med øl til eller "eplekaku". Seinare kom brødmat i bruk.

Dugurdsmat:
Klokka 10 var det dugurd. (ein halv time seinare om veten). Til dugurds skulle det vera vassgraut, kokt på heimemjøl, med grautemjølk og søteprim til. Søteprimet var magert, turt, hardt og vart skava upp. Karane kvilte seg medan onnejenta vaska upp og laga til kaffi. Klokka kvart på tolv var kaffien ferdig. Klokka tolv var alle ute att.

Nonsmat:
Tre timar seinare, klokka tre, var det non. Sumarstid var det helst spekekjøt, flatbrød og kokte "eplu". Til ettermat var det flatbrødsoll. Kaffe var det og etter nonskvilen, og kaffimat var ofte mjølkeprim og/eller kaffibrød. Om sumaren var det ikkje kyr heime, og dei måtte drikke svart kaffi.

Kveldsmat:
Klokka halv ni "tok dei kveld" og gjekk inn at til graut, surmjølk og prim. Seinare vart det vanleg å slutte arbeidet ute klokka åtte om kvelden.

Bygget med WideCMS Express fra BeWide Technologies     Publisert med WideCMS 4