Kurvemat frå Hemsedal

(Blodklubb med kraft)

Kurvemat blei mykje brukt om hausten etter saueslaktinga. Magesekken til sauen blei gjort rein, delt opp og sydd til posar. Blodrøra blei så helt opp i dei. Karane hadde ansvaret for å spikke trepinnene til å tre gjennom kanten på posane for å lukke dei. På den måten blei dei tette. Kurven blei så kokt og sett på stabburet utover vinteren.

Skulle dei ha kurvemat var det berre å koke sø (kraft) og litt potet så var det heile ferdig.

Innhald:
1/2 liter blod
1/2 liter vatn
1/2 liter mjølk
2 små ss salt
2 ss karve
1 ts nellik
1/2 ts pepar
1ts muskatplomme
150 g små havregryn
200 g byggmjøl
400 g kveitemjøl

Framgangsmåte:
Rør alt godt saman. Smør ei form på ca. 30x35 cm. Dekk forma med folie. Steik i omnen i ca ein time. Skjær eit stykkje midt i forma for å sjå om han er ferdig. Kok så kraft av kraftbein og oksehaler. Kok gjerne med litt selleri og purre i krafta. Smak til med salt. Karv blodklubben og dei kokte poteteneopp i små betar på tallerkenen og slå kraft over. Ha gjerne eit smørauge oppi.

Dette er ein noko modernisert variant.

Kjelde: Ingrid G. Halbjørhus, Hemsedal Bondekvinnelag

Bygget med WideCMS Express fra BeWide Technologies     Publisert med WideCMS 4