Brisketreak

Brisketreak er godteri laga av einerbær. I ei slktshistorie frå hemsedal står det at kyrkjefolket på messesundagar rundt 1865 hadde med seg og trakterte kvarandre med brennevin, sukker, nellikar og brisketreak.

Oppskrift frå Hemsedal

20 l bær
6 l mjølk
1 l fløyte
1 kg sukker


Fyll vatn på bæra til det går over dei.
Kok under lokk 2-3 timar. Sil lågen gjennom klede og fyll på nytt vatn.
Gjer dette 3 gonger. Kok lågen inn til det er att ca 1/3. Ha i alt det andre og kok vidare under omrøring. Ikkje bruk for sterk varme mot slutten. Ta massen over på eit bord, del i høvelege emne og rull til skaft. Pakk skafta inn i matpapir etter eit par timar. Lagre skafta i ein tett boks.

I boka Hallingkost av Lise Laa står denne oppskrifta:

5 l briskebær
800 g G 35 (brunost)
½ kg brunt sukker
¼ l fløyte

Reins bæra. Ha dei i ein kjele og fyll i vatn til det dekkjer bæra. Kok i 2-3 timar (eller natta over). Stamp og sil. Kok inn krafta. Tilsett sukker, fløyte, og brunost. Rør godt og kok til ein tjukk graut. Form til skaft.

Bygget med WideCMS Express fra BeWide Technologies     Publisert med WideCMS 4