Fagerdalen støl i Hol/Hovet

Stølskost
Dugurdsbord på Fagerdalen - foto: Knut Brye


Vertskap:
Anne-Lise Søndrol og Leif Rune Valseth
Adresse: Anne-Lise Søndrol, 3577 Hovet
Telefon: 911 09 779

Sjå eigen heimeside: www.fagerdalen.com

Facebook


Opningstid stølskaféen:
 Dagleg 1/7 - 21/8  kl. 12 - 17

Tek i mot grupper og selskap på bestilling frå juli til ut september.

Servering i stølskaféen: Rummegraut, rumme, surystil, kvikaku, asningskaku, kaffi og meir.      Rummekolle/mjølkering på bestilling, ring dagen før.
Produkt for sal: Rumme, trøgost, pultost, kvitost, surystil, kvikaku, asningskaku, fjellsmør, rummegraut, - og diverse produkt frå andre.

DETTE SKJER SUMMAREN 2016:

SUNDAG 31/7-2016 kl. 13.00 - 16.00
STØLSBORD i Gamlefjøset: Koldtbord med stølsmat som rummegraut, rumme, mjølkekaku, surystil, spikjimat, fjellaure, asningskaku, trøgost, pultost, ferskost, kjyost, fjellsmør, mølterumme, saupsuppe, kvikaku, geitost og kanskje meir.
Kr. 275.-

LURDAG 6/8-2016 kl. 20.30 - 01.00
"PIANOBAR" i Gamlefjøset med høg allsangfaktor!
Gratis inngang - sal av mat og drikke.

Dyr: Forskjellige dyr i familievenleg miljø.
Aktivitetar: Sal av fiskekort i eige fjellvatn, moglegheit for å leige robåt.
For andre aktivitetar: sjå heimesida www.fagerdalen.com

Kor ligg stølen: Midt i Skarvheimen ved fjellvegen mellom Hovet Rv50 og Ål Rv7 - over Bergsjø/Tvist.
Bomveg.



 
 
Anne-Lise og purka Foto:O.J.Brye
Foto: O.J.Brye
 
Anne-Lise på Fagerdalen
Foto: O.J.Brye
 
Gamlefjøset
Foto: O.J.Brye
 
Gamlefjøset
 Gamlefjøset
 
Anne-Lise på torader 
Anne-Lise spelar torader
Oppdatert 21/6-2016

Bygget med WideCMS Express fra BeWide Technologies     Publisert med WideCMS 4